Kva meiner du Vaksdal kommune skal satse på i framtida?

Kva meiner du Vaksdal kommune skal satse på i framtida?

Vaksdal kommune er i gong med revisjon av samfunnsdelen av kommuneplanen. Samfunnsdelen er kommunens overordna plan for utviklingen av Vaksdal fram mot 2035. 

Planprogrammet, som er planen for planen, ligg no ute på høyring og me ynskjer dine innspel!

 

Kva er kommuneplanens samfunnsdel?

Kommuneplanens samfunnsdel er kommunens overordna plan for utviklinga i Vaksdal fram mot 2035.

Planen løfter fram satsingsområder, mål og strategiar som kommunen og samfunnet ynskjer å styre etter for å skape den utviklinga me ynskjer for Vaksdal.  

Planprogrammet er no på høyring

Planprogrammet beskriv korleis Vaksdal kommune skal utarbeide ny samfunnsdel. I tillegg til å gjere greie for kommuneplanprosessen, skildrar planprogrammet utviklingstrekk og sentrale tema i det vidare arbeidet med samfunnsdelen. 

Planprogrammet skildrar viktige områder for samfunnsutviklinga i Vaksdal

Dette skal vere grunnlag for medverknad og samspel med innbyggjarane og politisk debatt om satsingsområda i kommunen. 

Planprogrammet tar utgangspunkt i seks sentrale tema i arbeidet med samfunnsdelen. 

1. Demografi og folketal

  • Folkevekst
  • Bustadutvikling
  • Næringsutvikling
  • Ei aldrande befolkning
  • Samarbeid

2. Attraktivitet og busetting

  • Kultur- og fritidstilbod
  • Samferdsle
  • Forsterke senterstruktur
  • Fortetting og ulike bustadtypar
  • Næringsutvikling og arbeidsplassar
  • Kompetanse og ressursar til innovasjon og utvikling

3. Levekår og folkehelse

  • Aldersvenlege lokalsamfunn
  •  Frivilligheit
  • Endringar i kultur- og fritidstilbod når det er færre born og unge
  • Oppvekstvilkår for barn og unge
  • Inkludering og mangfald
  • Utdanning

4. Arbeidsmarknad og verdiskaping

  • Fleire og meir varierte arbeidsplassar
  • Kvalifisert arbeidskraft
  • Få næringsaktørar
  • Einsidig næringsstruktur – lite variasjon, stort sett handel og industri
  • Auke lokal verdiskaping av kraft
  • Kompetanse
  • Rekruttering
  • Teknologi og digitalisering

5. Klima, miljø og omstilling

  • Grøn omstilling og kompetanse
  • Reduksjon av klimagassutslepp
  • Infrastruktur
  • Digitale løysingar og moderne teknologi
  • Berekraftig arealbruk
  • Miljøvenleg transportsystem
  • Fortetting i stasjonsbyane
  • Nedbygging av areal

6. Samfunnstryggleik og beredskap

  • Førebygging og beredskap
  • Naturskade og ekstremnedbør
  • Førebu kommunen på K5 (Ny veg og bane)

Medverknad

Engasjement frå innbyggjarane er viktig. Difor legg me opp til brei medverknad i planlegginga.

For å nå ut til flest mogleg inviterer me til POP UP- stander i bygdene i Vaksdal. Her vil me vere tilstade på naturlege møtestadar for deg som innbyggjar. Me vil vere tilstade frå kl 14-18. Alle er velkomne! 

Me skal også ha arbeidsverkstadar med råd for menneske med nedsett funksjonsevne, eldrerådet og ungdomsrådet. I tillegg skal me arrangere framtidsverkstad for ungdomstrinnet på Dale skule.

Send inn innspel til planprogrammet!

Har du innspel, tankar og idear til planarbeidet? Send dei til oss innan 22.01.2023.

Send dei til oss på:

  • post@vaksdal.kommune.no
  • Vaksdal kommune, Konsul Jebsensgate 16 5722 Dalekvam

Huks å merke innspelet med – «Kommuneplanens samfunnsdel»

Med bakgrunn i innspela me mottek i høringsperioden vil me bearbeide planprogrammet. Det bearbeida planprogrammet vil bli handsama i kommunestyret. Når dette er på plass startar me arbeidet med samfunnsdelen.