Folkehelseprofil for Vaksdal i 2020 peikar på at folk trivst i kommunen. Barn har høg trivsel i skulen, folk er nøgd med trygge nærmiljø og god luftkvalitet, det er høg valdeltaking og lågare del med psykiske lidingar enn i landet elles. Resultata frå Ungdata og Ungdata junior-undersøkingane for 2021 viser at barn og unge trivst godt, men oppvekstprofilen for Vaksdal 2022 visar at andelen barn som b ur i hushald med vedvarande l åg inntekt er høgare enn landet som heil skap. Andelen barn og unge som bur trongt er høgare enn landsnivået og andelen som gjennomfører vidaregåande opplæring er lågare enn landet som heilskap. Andelen ungdomssk uleelevar som er fornøgd med helsa er ikkje signifikant forskjell eg frå landsnivået.
Ungdomsrådet i Vaksdal trekk frem at det også er utfordringar. Dei vil prioritere å jobbe vidare med å betre kulturtilbodet i kommunen, synleggjere aktivitetstilbodet og styrke arbeidet med psykisk helse.
Vaksdal skal vere ein kommune og eit samfunn der det er mogleg å vere aktiv og deltakande, og som er tilrettelagt slik at det fremjar meistring. Fokuset på «Tidleg innsats» handlar også om å fremje meistring og å hindre utanforskap. For å skape eit miljø der flest mogeleg deltek og er aktive, treng ein eit sterkt sivilsamfunn. Frivillig arbeid engasjerer og er viktig for fellesskap og utvikling. Pårørande og andre frivillige gjer ein stor og viktig innsats i dette arbeidet, men det er likevel stort potensiale for å samarbeida betre.
Aldersvenleg samfunn er sett på dagsorden både nasjonalt og internasjonalt. Bakgrunnen for dette er at talet eldre vil utgjere ein stor del av befolkninga framover, og ein ønskjer å motvirke aldersdiskriminering og leggje til rette for samfunnsdeltaking for denne store og ressurssterke gruppa av befolkninga. Utvikling av aldersvenleg samfunn er knytt tett opp mot arbeidet med FN sine berekraftsmål. Viktige område for utvikling vert universell utforming, uteområde og møteplassar på tvers av generasjonar, transport og bustad. I tillegg må vi arbeide for å oppnå meir samfunnsdeltaking, medverknad og kommunikasjon med involverte partar. Utvikling av aldersvenlege lokalsamfunn er eit satsingsområde for kommunen, og legg ein til rette for eldre vil ein og skape gode lokalsamfunn for alle.
Kommunen skal planlegge for å skape ei berekraftig samfunnsutvikling, sikre sosial rettferd og god folkehelse. God helse og gode levekår for alle skal gå som ein raud tråd i samfunnsdelen.
Sentrale tema i det vidare arbeidet med samfunnsdelen:
- Aldersvenlege lokalsamfunn
- Frivilligheit
- Endringar i kultur- og fritidstilbod når det er færre born og unge
- Oppvekstvilkår for barn og unge
- Inkludering og mangfald
- Utdanning