Områderegulering for Dale

Vaksdal kommune lager no ein plan for tettstaden Dale, og ønskjer innspel frå deg - Korleis vil du at Dale skal vera i framtida?

 

Planområdet

Planen skal bli laga innanfor dette området, som omfattar heile tettstaden Dale. Planen skal bestemme korleis areala på Dale kan bli brukt og utvikla i framtida - kvar det skal vera bustadar, næring, sentrum, møteplassar, parkar, leikeplassar, og gode løysingar for gåande og syklande, med meir.

 

Planarbeidet har følgjande hovudmål;

  • Områdereguleringa skal leggja til rette for ein heilskapleg, framtidsretta og berekraftig utvikling av tettstaden Dale.

  • Styrka Dale sin identitet og attraktivitet for innbyggjarar og næringsliv.

  • Planen skal gje tydelege og forutsigbare rammer for arealbruk, utbygging og utvikling i sentrum og planområdet.

Me ønskjer innspel frå deg som bur på, går på skule, arbeider eller besøkjer Dale. Du kjenner staden og kan seie noko om kva som fungera godt, kva som bør bli tatt vare på, og kva som kan bli betre.

Innspela blir brukte som kunnskapsgrunnlag i det vidare planarbeidet. Innspela vil vera med å påverka kva tema kommunen undersøker nærare, og kva løysingar som blir vurderte når planforslaget skal bli laga. Alle innspel blir vurderte, men det er ikkje sikkert at alle kan bli ført direkte inn i planen.

Korleis vil du at Dale skal vera i framtida?