Områdereguleringsplan for Vaksdal

Planforslag ligg no på høyring og offentleg ettersyn fram til 18. juni 2023.

Kartet syner planområdet. Forslag til områdeplan for Vaksdal ligg no ute til høyring og offentleg ettersyn.

Har du merknad eller uttale til planforslaget ynskjer me svært gjerne å høyre dei! 

 

Bakgrunnen for planarbeidet er regjeringa sitt vedtak om å utarbeida nye traséar for E16 og dobbeltspora jernbane for strekninga Arna – Stanghelle.

Statleg reguleringsplan for prosjektet vart vedtatt 1. april 2022 og vil ha verknad for utviklinga av staden Vaksdal.

I samband med vedtaket vart tiltak for bane og veg avklart og prosjektet legg viktige premiss for områdeplanen og utforminga av eit nytt Vaksdal sentrum.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for at stasjonsbyen Vaksdal kan veksa og utviklast vidare til ein fleirfunksjonell stad med bustader, næring, handel, offentleg og privat tenesteyting, blågrøne strukturar, møteplassar, friluftsliv og naturopplevingar.

Vaksdal skal planleggast for ei framtidig auke i folketal og tilreisande, og utviklinga skal forankrast i staden sin natur og lokale historie.

Forslagsstillar er Vaksdal kommune, med plankonsulent Henning Larsen/Rambøll.

Reguleringsføresegna til plankartet gjev konkrete føringar for kva som kan gjerast på eigedomen.

Planomtalen skildrar planen sitt føremål, hovudinnhald og verknadar.

Saksutgreiinga syner kommunedirektøren sitt politiske framlegg for å leggje planen ut på høyring og offentleg ettersyn.

Konsekvensutgreiingane (KU) syner særskilde vurderingar og beskrivingar av dei miljø- og samfunnsmessige verknadane som kan komme av planforslaget.

ROS- analysen syner alle risiko- og sårbarheitsforhold som har betydning for om areal er eigna til utbyggingsføremål:

Innspel og uttale til planprogram syner hovudpunkta i dei innkomne merknadane til planprogrammet (planen for planen) då det låg ute på høyring. Dokumentet inneheldt også forslagsstillar sine kommentarar til merknadane.

Send inn merknad eller uttale til planforslaget!

Har du merknadar eller ynskjer å sende inn ein uttale til planforslaget? Send dei til oss innan 18.juni 2023. 

Send dei til oss på:

  • post@vaksdal.kommune.no
  • Vaksdal kommune, Konsul Jebsensgate 16 5722 Dalekvam

Huks å merke innspelet med - "Høyring Områdeplan for Vaksdal".