Områdereguleringsplan for Stanghelle

Planforslag ligg no på høyring og offentleg ettersyn fram til 30. juni 2024.

Kartet syner planområdet. Forslag til områdeplan for Stanghelle ligg no ute til høyring og offentleg ettersyn.

Har du merknad eller uttale til planforslaget ynskjer me å høyre dei! 

 

Bakgrunnen for planarbeidet er regjeringa sitt vedtak om å utarbeida nye traséar for E16 og dobbeltspora jernbane for strekninga Arna – Stanghelle.

Statleg reguleringsplan for prosjektet vart vedtatt 1. april 2022 og vil ha verknad for utviklinga av Stanghelle og Helle.

I samband med vedtaket vart tiltak for bane og veg avklart og prosjektet legg viktige premiss for områdeplanen og utforminga av eit nytt Stanghelle sentrum.

Føremålet med planen er å leggja til rette for at stasjonsbyen Stanghelle kan veksa og bli utvikla vidare til ein fleirfunksjonell stad med bustadar, næring, handel, offentleg og privat tenesteyting, blågrøne strukturar, møteplassar, friluftsliv og naturopplevingar.

Stanghelle vert planlagt for ei framtidig auke i folketal og tilreisande, og utviklinga skal bli forankra i staden sin natur og lokale historie.

Forslagsstillar er Vaksdal kommune, med plankonsulent Henning Larsen/Rambøll.

Reguleringsføresegna til plankartet gjev konkrete føringar for kva som kan bli gjort på eigedomen.

Planomtalen skildrar planen sitt føremål, hovudinnhald og verknadar.

Saksutgreiinga syner kommunedirektøren sitt politiske framlegg for å leggje planen ut på høyring og offentleg ettersyn.

Konsekvensutgreiingane (KU) syner særskilde vurderingar og beskrivingar av dei miljø- og samfunnsmessige verknadane som kan komme av planforslaget.

ROS- analysen syner alle risiko- og sårbarheitsforhold som har betydning for om areal er eigna til utbyggingsføremål:

Med meir. 

Send inn merknadar til planforslaget!

Har du merknadar eller ynskjer å sende inn ein uttale til planforslaget? Send dei til oss innan 30.juni 2024. 

Send dei til oss på:

  • post@vaksdal.kommune.no
  • Vaksdal kommune, Konsul Jebsensgate 16 5722 Dalekvam

Huks å merke innspelet med - "Høyring Områdeplan for Stanghelle".