Vaksdal kommune fram mot 2035

Planforslaget ligg no ute til høyring

Kommuneplanen sin samfunnsdel viser korleis me vil at kommunen skal vere i 2035 og korleis me skal få det til.

 

 

Den ønska retninga for samfunnet blir løfta fram gjennom følgande satsingsområde:

•  Attraktivitet og trivsel

•  Barn og unge

•  Næringsliv og arbeidsplassar

•  Klima- og miljøvenleg utvikling

•  Kommunikasjon og openheit

Kvart område inneheldt eit hovudmål med  fleiredelmål som fortelkorleis mevil ha det, og strategiar om korleis me skal gjere det.

Kva er kommuneplanens samfunnsdel?

Kommuneplanens samfunnsdel er kommunens overordna plan for utviklinga i Vaksdal fram mot 2035.

Planen løfter fram satsingsområder, mål og strategiar som kommunen og samfunnet ynskjer å styre etter for å skape den utviklinga me ynskjer for Vaksdal.  

Vedtatt planprogram

Planprogrammet beskriv korleis Vaksdal kommune skal utarbeide ny samfunnsdel. I tillegg til å gjere greie for kommuneplanprosessen, skildrar planprogrammet utviklingstrekk og sentrale tema i det vidare arbeidet med samfunnsdelen. 

Planprogrammet skildrar viktige områder for samfunnsutviklinga i Vaksdal

Planprogrammet tar utgangspunkt i seks sentrale tema i arbeidet med samfunnsdelen. 

1. Demografi og folketal

  • Folkevekst
  • Bustadutvikling
  • Næringsutvikling
  • Ei aldrande befolkning
  • Samarbeid i regionen

2. Attraktivitet og busetting

  • Kultur- og fritidstilbod
  • Friluftsliv
  • Berekraftig reisemålsutvikling
  • Samferdsle
  • Forsterke senterstruktur
  • Fortetting og ulike bustadtypar
  • Næringsutvikling og arbeidsplassar
  • Kompetanse og ressursar til innovasjon og utvikling

3. Levekår og folkehelse

  • Aldersvenlege lokalsamfunn
  • Universell utforming
  • Frivilligheit
  • Endringar i kultur- og fritidstilbod når det er færre born og unge
  • Oppvekstvilkår for barn og unge
  • Tidleg innsats og meistring
  • Inkludering, integrering og mangfald
  • Utdanning
  • Utjamning av sosial ulikskap i helse

4. Arbeidsmarknad og verdiskaping

  • Fleire og meir varierte arbeidsplassar
  • Kvalifisert arbeidskraft, særleg innan helsesektoren
  • Få næringsaktørar
  • Einsidig næringsstruktur – lite variasjon, stort sett handel og industri
  • Auke lokal verdiskaping av kraft
  • Kompetanse
  • Rekruttering
  • Teknologi og digitalisering

5. Klima, miljø og omstilling

  • Grøn omstilling og kompetanse
  • Reduksjon av klimagassutslepp
  • Infrastruktur
  • Digitale løysingar og moderne teknologi
  • Berekraftig arealbruk
  • Effektiv, miljøvenleg, framtidsretta og trygt transportsystem
  • Fortetting i stasjonsbyane
  • Nedbygging av areal

6. Samfunnstryggleik og beredskap

  • Førebygging og beredskap
  • Naturskade og ekstremnedbør
  • Fråfall av kritisk infrastruktur
  • Førebu kommunen på K5 (Ny veg og bane)

Prosess og framdrift

No er planprogrammet vedtatt, og vi skal utarbeide sjølve samfunnsdelen av kommuneplanen. I denne fasen skal kommunestyret diskutere seg fram til forslag til ny plan.

Planforslaget skal handsamast politisk før det blir lagt ut til høyring og offentleg ettersyn. I denne fasen vil kommunen legge til rette for debatt og moglegheit for å komme med merknadar til planen. 

Planen kan då bli justert, basert på eventuelle innkomne merknadar, før den vert lagt fram for endeleg vedtak.