Vaksdal kommune fram mot 2035

Kommuneplanen sin samfunnsdel 2023-2035 er vedtatt 

 

 

Kommunestyret i Vaksdal kommune vedtok den 05. september "Kommuneplanen sin samfunnsdel 2023 - 2035". 

Kommuneplanen sin samfunnsdel viser korleis me vil at kommunen skal vere i 2035 og korleis me skal få det til.

Den ønska retninga for samfunnet blir løfta fram gjennom følgande satsingsområde:

•  Attraktivitet og trivsel

•  Barn og unge

•  Næringsliv og arbeidsplassar

•  Klima- og miljøvenleg utvikling

•  Kommunikasjon og openheit

Kvart område inneheldt eit hovudmål med  fleire delmål som fortel korleis mevil ha det, og strategiar om korleis me skal gjere det;

Kommuneplanen sin samfunnsdel 2023 - 2035

Satsingsområda er basert på kommunen sine mål, moglegheiter, utfordingar og innspel frå innbyggjarane. Berekraft og folkehelse er overordna og gjennomgåande tema i planen, og er førande for alle satsingområde, mål og strategiar. 

Planen er eit resultat av ein omfattande prosess med medverknad frå kommunale råd og utval, barn og unge, internt i administrasjonen og innbyggarar i kommunen. 

God lesning!