Vaksdal kommune fram mot 2035

Kommuneplanen sin samfunnsdel ligg no ute til høyring

Kommuneplanen sin samfunnsdel viser korleis me vil at kommunen skal vere i 2035 og korleis me skal få det til.

Den ønska retninga for samfunnet blir løfta fram gjennom følgande satsingsområde:

•  Attraktivitet og trivsel

•  Barn og unge

•  Næringsliv og arbeidsplassar

•  Klima- og miljøvenleg utvikling

•  Kommunikasjon og openheit

Kvart område inneheldt eit hovudmål med  fleiredelmål som fortelkorleis mevil ha det, og strategiar om korleis me skal gjere det;

Satsingsområda er basert på kommunen sine mål, moglegheiter, utfordingar og innspel frå innbyggjarane. Berekraft og folkehelse er overordna og gjennomgåande tema i planen, og er førande for alle satsingområde, mål og strategiar. 

Attraktivitet og busetting

Hovudmål:

Vaksdal er ein attraktiv kommune for alle innbyggarar heile livet

Vaksdal skal vere ein god kommune å bu i

Slik gjer me det

• Fremme eit inkluderande oppvekstmiljø

• Samhandle for eit godt og kunnskapsbasert tenestetilbod

• Legg til rette for aktivitet og deltaking i samfunnsliv og frivilligheit i alle livsfasar

• Stimulere til fleire lokale arbeidsplassar til studentar

• Legg til rette for aldersvenlege samfunn 

Vaksdal skal styrke sentrumsutviklinga og legge til rette for bustadutvikling 

Slik gjer me det

• Legg til rette for bustadbygging og variert bustadsamansetting

• Legge til rette for utvikling og fortetting i stasjonsbyane

• Trekke fram Vaksdal sine attraktive fortrinn og gunstige lokalisering

Vaksdal skal ha aktive lokalmiljø

Slik gjer me det

• Legg til rette for aktivitetstilbod i samarbeid med frivilligheit

• Støtter initiativ som fremmar aktivitet i lokalmiljøa

• Legge til rette for samhandling mellom lag og organisasjonar på tvers av bygdene for å ivareta mangfald i aktivitetstilbod

Det skal vere trygt, effektivt og miljøvenleg å ferdast på veg, bane og som mjuk trafikant

Slik gjer me det

• Arbeide for trygge og attraktive gang- og sykkelvegar​

• Legge til rette for at innbyggarane og næringsliv vel miljøvenleg transport

Born og unge

Hovudmål:

Vaksdal skal sikre eit trygt, godt og inkluderande oppvekstmiljø for alle barn og unge

Barn og unge opplever å høyre til og bli verdsett

Slik gjer me det

• Arbeider for trygge og inkluderande barnehage- og skulemiljø som sikrar at barn og unge blir sett og følgt opp

• Arbeider tverrfagleg for å styrke tidleg innsats og førebyggande arbeid

• Sikrar god og rett kompetanse i skular og barnehagar

• Styrker innsatsen for å trygge barn og unge i den digitale kvardagen

Barn og unge har like mogelegheiter og rett til medverknad

Slik gjer me det

• Arbeider tverrfagleg for å utjamne sosiale forskjellar

• Legg til rette for fellesskap og arbeider for å hindre sosialt utanforskap

• Legg til rette for aktiv medverknad frå barn og unge i utvikling av tenestetilboda

Barn og unge har moglegheit til å delta på fritidsaktivitetar

Slik gjer me det

• Støtter frivillige lag og organisasjonar i arbeidet med å utvikle gode, varierte og trygge fritidsaktivitetar og møteplassar for barn og unge

• Styrker samarbeidet mellom kommune og frivillige lag og organisasjonar

• Legg til rette for delingskultur: dele utstyr og anlegg, opplevingar, kunnskap og kompetanse

Næringsliv og arbeidsplassar

Hovudmål: 

Vaksdal skal ha eit attraktivt og mangfaldig næringsliv, og legge til rette for fleire nyetableringar og vekst i eksisterande næringar

Vaksdal skal legge til rette for nye næringar og auke talet på arbeidsplassar

Slik gjer me det

• Legg til rette for vidareutvikling av Vaksdal næringsselskap som reiskap for næringsutvikling

• Er imøtekommande overfor eksisterande og nye næringar

• Støtter opp under utvikling og verdiskaping i reiselivsnæringa

• Stimulerer til kompetanseutvikling og målretta rekruttering

• Styrker Dale som kommunesenter

Vaksdal skal vere imøtekommande og tilpassingsdyktig i møte med næringslivet

Slik gjer me det

• Etablerer møteplassar og samarbeid mellom kommune og næringsliv

• Legg til rette for dialog og samskaping

Vaksdal skal nytte seg av moglegheitene som kjem av vår geografiske plassering

Slik gjer me det

• Deltar aktivt i interkommunalt og regionalt samarbeid i felles bu- og arbeidsregion

• Bruker mogelegheiter som utbygginga av E16 og ny jernbane gir og førebu og rigge kommunen for tida etter

• Legg til rette for pendling

Klima- og miljøvenleg utvilkling

Hovudmål:

Vaksdal tar vare på natur og miljø, arbeider systematisk med å redusere klimagassutslepp og førebygg dei negative konsekvensane av klimaendringar

Vaksdal skal redusere klimagassutsleppa og bli eit klimavenleg samfunn

Slik gjer me det

• Er pådrivar og motivator i klimaarbeidet. Me skal stå fram som eit godt eksempel og redusere utslepp i eiga verksemd

• Legg til rette for at innbyggarar og næringsliv kan ta miljøvenlege val

• Legg vekt på utsleppsreduserande tiltak og miljøvenleg innovasjon

• Arbeider for at omstillinga til eit klimavenleg samfunn skjer på ein rettferdig måte

Vaksdal skal styrke evna til å tole klimaendringane

Slik gjer me det

• Er pådrivar for klimatilpassingstiltak som reduserer klimarisiko i lokalsamfunna​

• Arbeider med klimatilpassingstiltak i arealforvaltning, nærings- og samfunnsutvikling

Vaksdal skal legge til rette for naturmangfald, rein luft, rein fjord og reine vassdrag

Slik gjer me det

• Avgrensar inngrep og nedbygging av naturområde, jordbruksareal og areal med karbonrike naturtypar

• Erstattar tap av dyrka mark ved utbygging med ny- dyrking, slik at nyttbar jord blir brukt opp at

• Tar vare på - og bruker grøne og blå strukturar for trivsel, klimatilpassing og ivaretaking av naturmangfald i tettstadar​

• Reduserer avfallsmengda og sikrar trygg handtering av forureina massar

Kommunikasjon og openheit

Hovudmål:

Vaksdal kommune skal legge til rette for medverknad, samskaping og dialog med innbyggarane

Vaksdal kommune skal styrke sin rolle i regionen

Slik gjer me det

• Samarbeider med andre kommunar for å styrke regionen som ein felles bu og arbeidsmarknad

• Fremmer kommunen sine interesser i regionen

Vaksdal skal søke kunnskap og ha dialog med innbyggarane

Slik gjer me det

• Styrker samarbeidet mellom frivilligheit, kommune og næringsliv

• Sikrar involvering og brukarmedverknad i tenesteutvikling og planlegging

• Møter innbyggarane med nysgjerrigheit, openheit og respekt

• Er tydeleg på kva som kan forventast av kommunen og kva den enkelte innbyggar har ansvar for sjølv

Vaksdal kommune er synleg og tilgjengeleg

Slik gjer me det

• Gode rutinar og verktøy for kommunikasjon, samhandling og informasjon

• Sikrar brukarvenlege digitale løysingar

Har du innspel til planforslaget? Send dei til oss innan 23. juli 2023.

Send dei til oss på:

  • post@vaksdal.kommune.no
  • Vaksdal kommune, Konsul Jebsensgate 16 5722 Dalekvam

Huks å merke innspelet med – «Høyring Samfunnsdel»

Med bakgrunn i merknadane me mottek i høringsperioden vil me bearbeide planforslaget som til slutt vil bli handsama i kommunestyret.