Hei!

Hei! 

Barnehage

Barnehagen ligg vakkert til med utsikt over bygda og fjorden. Den har eit stor og fint uteområde som innbyr til variert leik og fysisk aktivitet. 

Barnehagen vart opna i 2014 og har tre avdelingar for aldersgruppa 1-6 år.

Det er gangavstand til turterreng, idrettsplass, skule, butikk, togstasjon og buss. 

Barnehagane i Vaksdal arbeider målretta med eit inkluderande miljø og å vera ein god og trygg plass for barna.

Me er glade i å vera ute og opptekne av at barna skal vera i fysisk aktivitet. Borna nyttar nærmiljøet til å gå på tur, ofte med niste i sekken.

Sosial kompetanse og leik, saman med eit rikt og variert språkmiljø i kvardagen er nokre av våre viktigaste oppgåver.

Barnehagane serverer frukt og smørjelunsj kvar dag, med varme måltider jamnleg.

Caption

Tittel

Velkomen til Vaksdal!

Dette er kommunen som har absolutt alt - unntatt storbyliv! 

Me ligg perfekt til mellom Bergen, Voss, Modalen, Samnanger og Osterøy. I kommunen kan du velje mellom større tettstader som Vaksdal og Stanghelle, du kan finne reindyrka bygdeliv i for eksempel Bergsdalen og Eksingedalen, eller noko midt i mellom.

Du finn arbeid i kommunen, eller du kan pendle den korte vegen til Bergen eller Voss. Du har store moglegheiter for friluftsliv i natur som kan måla seg med kva plass som helst i heile Noreg.